mandag 21. januar 2008

140 flerspråklege ungdomsskoleelevar og foreldre på info-møte


Det summa med framande lyder og fonemar på 26 små og store språk i kantina då Opplæringsavdelinga heldt infomøte om inntaket for dei minoritetsspråklege. Det høyrdest gresk ut, men det var inga babelsk forvirring å spore då utdanningsdirektør Svein-Erik Fjeld ynskte vel møtt og lukke til med et spanande val for dei mange frammøtte. Så mange var dei i år at arrangementet gjekk føre seg over to dagar.

Ingen kommentarer: